SuperiOpera

Romvesenet SuperiOpera Crescendo Diminuendo Quarto Terso Fermate Legato Cantabile den tredje kjem til jorda på leiting etter ein magisk musikkeliksir. Ein intergalaktisk skurk har stole eliksiren til folket hennar, og nå er ho den siste av sitt folk som kan å synge. Ho møter skogsjenta Felionora Fredrikke Fiola Klang som har ei hardingfele ho kan spele vakker musikk på. Saman med Felionora og barna i publikum løyser SuperiOpera mysteriet om den magiske musikkeliksir. For treng ein eigentleg ein eliksir for å synge…?

Konserten inneheld opera, folkemusikk og elektronika, og er spesielt tilrettelagt aldersgruppa 5-12 år. Med videoprojeksjon, lys- og lydeffekter og enkel scenografi nærmar vi oss ein form for dataspel der barna sjølv er aktive deltakarar. Bli med og løys mysteriet med oss!

HILDEGUNN HOVDE, sopran, har spesialisert seg i Mozart og bel canto-opera, og fullførte sin mastergrad i utøving ved Norges Musikkhøgskole hausten 2011. Med sin breie bakgrunn frå teater og cabarèt eksperimenterar ho stadig med ulike måter å framføre musikk på, både ved å blande ulike musikalske sjangre og ved å bruke element frå teater og dans. Hildegunn bur i Oslo og Berlin, og debuterte sommaren 2012 som Papagena i Tryllefløyten i Lyric Opera Studio Weimar.

GRO MARIE SVIDAL er ein av landets fremste hardingfelespelarar med utdanning frå Ole Bull akademiet og Norges Musikkhøgskole. Ho har turnert for Den Kulturelle Skolesekken og Rikskonsertene i tillegg til utstrakt konsertverksemd solo og i ulike grupper både i Norge og i utlandet. Gro Marie jobber også som produsent og prosjektleiar, og har medverka på fleire plateutgjevingar. Ho debuterte med sitt eige album i 2009.

KNUT SÆVIK er ein av Norges fremste låtskrivarar/produsentar innan elektronika.

Se Video fra Forestillingen her:

http://www.youtube.com/watch?v=L7fxzNgSDxs

http://vimeo.com/44752568

Besøk SuperiOpera på Facebook

Del denne konserten:

Få siste nytt fra Konsertforeninga rett i innboksen.

Meld deg på vårt nyhetsbrev!